lørdag 18. desember 2010

Oppdateringar

Vel, for tida jobber eg med ein demo. Eg skal kanskje lage musikken til eit spel... No, ideen er at musikken skal dekke utviklinga i populærmusikken frå 1900 til i dag.
Å jobbe med ting som allereie er gjort, heller enn å koma med heilt "nye" ideer (intet er vel nokon gong heilt nytt), er litt nytt for meg (vart mykji nytt her, ja), so det er artig. Hittil har eg laga ein slags Ragtime, eit eller anna som kan minne om sånn.. Charleston.. Æh, og no driv eg på med blues - skikkeleg sørstats, sitte på verandaen og jamme-blues. Definitivt det artigaste so langt. Demoen gjev eg til han karen som driv med spelet, so får han velgje om han vil ha musikken min. Spanande sakar.

Jau. Elles er det ferie. So langt nøgd med oppgåve- og eksamensresultatar. Eg er nesten ein "straigh B" student so langt i studieløpet, og det er no ikkje so gæli, tykkjer eg. Sånn sett har eg råd til noko dårligare enn C, og framleis halde C i gjennomsnitt (snittet ein må ha for å koma inn på master). Flotte sakar.

Eg har ikkje so mykje meir å skriva. Eller, eg kan jo klage litt på at eg er sjuk... Eg er sjuk, stakkars meg.
Slik.

Full stopp.

søndag 5. desember 2010

Litt småskriving

Ja, eg har vori gæli opptatt med oppgåveskriving og eksamenslesing dei siste vekene, følgelig har eg vel nådd toppen av stressinga for i år, komen over kanten, og no er stressinga på veg nedover att. No har eg siste skriftlige eksamen i morgon, songeksamen på torsdag, so er det ferie. Namnam.

Vel, stress har jo vori ein faktor i heile haust, som kanskje har satt tilbake min kreativitet noko. Eg har jo eigentleg berre fått fram eit lite stykke for orkester (ca. seks minutter), eit stykke for piano og cello (ca. tre minutter), ooog ein låt til Stegosaurus. Har nokre påbyrja prosjekter òg: Andre sats i orkestergreia, ei greie for strykere og so har eg starta meg på ein menuett (eller noko) til strykerkvartett (trur eg). Fint med mange baller i lufta. Mm, jo, eg har so vidt byrja på eit nytt lite stykke for piano og cello - mine to favorittinstrumenter i heile vide verda, oh yeah. Dette har eg tenkt til å fortsette på i jòla.
Korleis det vert er eit godt spørsmål, men eg tenkjer å kanskje tenkje harmonisk her, i kontrast til det andre stykket som er tematisk. Eller... Temabasert. Bygget opp rundt temaer, tre temaer... Tre og eit halvt tema? Hugsar ikkje heilt. Temaer er bra. Ja. Me får no sjå...

- I'm out

lørdag 27. november 2010

Koffinistene og sånt

Eg kan jo bruke denne bloggen til å reklamere for viktige ting.
No er det dags for at partiet Koffinistene utvidast ytterligare, og for det treng me fleire medlemmer.

Lenkje til vår Facebook side her: TRYKK

Litt info:

Gruppen for alle medlemmer, hjelpearbeidene og frivillige tvangsarbeidene i det radikale politiske partiet Koffinistene.

---------


Partipunkt 1: Kaffen skal være gratis.
Partipunkt 2: EuroShopper pulverkaffe skal bannlyses, og skaperne skal sermenteres, for så å bli distribuert til samtlige papirtrykkefirmaer i det ganske land, for å trykke opp flygeblader vi kan sende rundt for å rekruttere flere medlemmer.
Partipunkt 3: Alle medlemmer må rette seg etter det faktum at de aldri skal måtte betale noe kontigent noensinne.
Partipunkt 4: EuroShopper-kaffe er fortsatt vondt.
Partipunkt 5: Individer som skulle finne på å nekte en enhet av koffeinrik væske, må belage seg på et koffeinfritt liv på Jevnaker, et lite tettsted nord for Oslo, som kalles på folkemål et "HØL".
Partipunkt 6: Den populære måten å brenne kaffebønner på, som resulterer i koffeinfri kaffe, skal ikke nevnes. I samme setning som "vanlig" koffeinrik kaffe. Unntaket må være hvis man sier "10 enheter D-Caf" som gir det samme koffeininnholdet som en vanlig kopp svart kaffe.
Partipunkt 7: Kaffe er ikke som vann; det dukker ikke bare opp magisk ut av en kran når som helst.

P.S: Gruppe 45.4, Kfns1 sk4 - 99prs. flb. bas. og ha kjr.vrd "opplysende" og "virkelighetsnært".


So sleng deg på bølgja med rykande, fersk kaffi og bli med oss.

- Kozkoz

_____________________________________________________________

Og ja, sidan sist har eg tryna, slått hòl i haka og blitt sydd att. Det heile var veldig dramatisk - såg sånn ut i alle fall. Blod, masse blod. På legevakta føltes det som eg låg på bordet til Dexter, klar for å bli kutta opp i biter.
Sånt skjer, sa folk.

lørdag 20. november 2010

Komposisjon og sånt

Det er dags for enno eit blogginnlegg, sidan det siste i juni..?

Vel.

Eg held litt på med komposisjon og sånn. Ikkje nødvendigvis bra komposisjon, men komposisjon. Æh, vel... Eg får sjeldent ferdigstilt noko som helst, og eg vert sjelden so nøgd at eg tenkjer at dette er noko folk bør høyre... Ein er vel alltid eins eigen verste kritiker, so kven er eg til å sei at ingen bør høyre det? Om eg ikkje lar nokon høyre det, veit eg no ikkje kva det er. Bra, dårleg. Kritikk er bra.

I den tanke, har eg oppretta ein MySpace-side der eg legg ut litt av det eg driv med. So no blogger eg om det.

Her kan de høyra

Det er ikkje mykje. Som sagt, eg får sjeldent ferdigstilt noko.

Yeah

onsdag 2. juni 2010

Leif!

No er det lenge sia eg har skrivi her...
Vel, kva skal eg skrive om no?
Jo, meg sjølv!

Inna! Min gode venninne Inna lagar spel, det skal heite Leif; "To the Horizon". Det dreier seg om fuglen Leif som skal skape vår. Det handlar om ein gløymd koloni på ein liten kald måne som sirkler rundt ein blå planet. Dei har gløymd at dei er ein koloni, og har skapt sin eigen kultur og skikker. Leif fann ut at det må vera noko meir i verda enn berre deiras lille landsby, og difor skal han prøva å koma ut.

Eg har fått æra av lage musikken til dette spelet. Inna ville gjerne ha eit marokkansk preg på det heile, altso arabisk. Dette står som ei kontrast til det kalde klimaet på planeten.
Ho har verta svært godt nøgd med musikken eg har laga, og no kan du få høyra han òg.

-->Trykk her for å høyre:) <--

Jaa. Det var det for dnne gong. Kos dykk med musikken!

søndag 11. april 2010

Ditt og datt!

Hm. Eg finn berre på å blogge når eg kjedar meg, sjølv om eg sjeldent har nokon idé om kva eg skal blogge om...
Sidan eg ikkje eigentleg forteljar nokon om denne bloggen, kan eg jo skriva akkurat det eg vil - til og med dårleg nynorsk - ingen veit kven eg er uansett?
Eg kan skriva dette:

Små busemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små buskemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små buksemenn,
små busemenn.

...Utan at nokon bryr seg?

Nei, no får eg slutte å tulle.

Razorblade Sisters! I går sendte eg rundt nokre låtar til forskjellige små plateselskapar. Eit ganske stort eit òg, faktisk, men det er berre fordi dei lovde å svara alle, som er litt artig. Eg er litt spent på det der. Eg er jo i god tru om at eit eller anna bittelite plateselskap i eit eller anna europeisk land lengre sør/øst - eller eit land i Asia - kjem til å gje oss platekontrakt uansett kva, berre fordi me er frå Noreg, so eg skal no i alle fall fortsetta å sende rundt litt. Det hadde jo vori artig å sei at me har platekontrakt, og ikkje minst å få gjeven ut CD-en vår. I alle CD-hyller ser du berre Razorblade Sisters - "Brenn", for å overdrive.
Eg har tenkt til å prøva meir med Stegosaurus-prosjektet òg, det er berre litt vanskeligare å vita kor eg skal sende musikken min då. Kva slags selskapar kan vera interessert i Stegosaurus? ...Sånn eigentleg burde eg hatt mitt eiga plateselskap. Acidic Records skulle det heitt, og det skulle ha vori kult. Helvete ja!

Tja.


Eg synest å hugse lova eit sitat kvar gong?
Æh...
"Små buksemenn"

Hadet.

lørdag 20. mars 2010

Svære nøtter

Meire blogg!Sett fakta at ingen les dette, skjønnar eg ikkje at eg gidd. Ja, ja, betre enn å skrive oppgåve...

Som eg lovte i sist blogginnlegg, i går, skal eg reklamere for Stegosaurus on Marshland Acidic Trips i dag... Då er det berre å setja i gong (sa brura òg).


Stegosaurus on Marshland Acidic Trips

Stegosaurs@Myspace

Det heile starta ein sumar for nokre år tilbake. Jau, det var vel 2008. Eg hadde akkurat byrja å prøve meg på slike musikkprogrammer på PC. FruityLoops, var det. Og ja, eg måtte jo lage musikk?Dei fyrste låtane var ikkje spesielt gode, eg hadde ikkje mykje kunnskap om FruityLoops, og det var jo eigentleg berre leiking med programmet, men låtar vart det. Den fyrste eg lagde fekk namnet "Monster of Steel, Seen in the Ocean Green". Namnet var eit resultat av kva bileter eg såg for meg då eg høyrde låta etter han var ferdig (litt Debussy gjort av meg, kva?)Og so vart det dét eg via sumaren til. Eg satt no på PC-en dag ut og dag inn og lagde musikk. Ofte vart det til minst ei låt kvar dag... Dette resulterte til slutt i det fyrste Stegosaurus-albumet. The Weird Album. Eg er er j frykteleg glad i referanser til anna musikk, so namnet er jo naturlegvis i link til The Beatles (White Album), sjølv om musikken min ikkje kan måle seg med The Beatles, so klart.
Namnet "Stegosaurus on Marshland Acidic Trips" var for øvrig noko eg fekk hjelp av mine gode venar, Inna og Kimma, til å finne på. Inna har òg malt eit bilete til prosjektet:
Eg elskar det biletet, og det henger alltid på veggen for inspirasjon.


Det skulle ikkje gå lang tida etter The Weird Album var ferdigstilt, før eg byrja på neste plate.
Denne gongen skulle Stegosaurus nå litt andre typer for eksperimentering. Eg hadde verte betre i programmet, og ville andre retninger. Tida vart moden for albumet som skulle få tittelen Loot. På Loot finner me eit "sound" ganske annleis enn på det forrige plata, sjølv om eg byrja å gå litt i den retninga på nokre av dei siste låtane eg lagde til den fyrste plata òg. Loot har generelt sett eit mykje mørkare lydbilete. Seriøsitet. Eg tar her opp vanskelege temaer om mentale tilstander, og plata er i det heile tatt veldig innadvendt.Misforstå meg rett, plata handler ikkje om noko personleg for meg. Stegsaurus er jo i hovudsak meint til å illustrere ein eller anna som har ete litt for mykje sopp og andre morosaker - ikkje meg. Men ja, stemninga er meir seriøs.
Eg jobber ein god del med klanger på denne plata, og stemninger, so vel som veldig... Rare ting.

Låtlista på den plata seg sånn ut:
1. Loot
2. Crucified Hamsters Cannot Swim
3. Look Into the Red Blood Eye of a Half Comitted Suicide (Infernal Dreams)
4. Warriors Deathmarch; From the Fields to the Tombs
5. The Thing, It Is!
6. Threw My Wishes in a Well and Sa them Vanish
7. In Cold Mirrors I See You and the Reflection of One Lonely Soul
8. The Invasion of Paralyzed Ducks, Roosting Through the Dark Forest
9. Devured by Eternal Darkness, Carresing My Soul as the World Stumbles
10. I See the Light at the End, But Everytime I Take a Step it Gets Dim

Namnet på den siste låta er tatt frå ei låt av Eminem, "Hellbound". Jævla kul låt.
Andre ting er jo at eg byrja å få sansen for nerdete musikkteoretiske ting, utan at eg heilt skjønte det lell. Uansett, som følgje av dette får me innslag av bi-tonalitet på den fjerde låta. Eg mikser F-dur med F-lydisk eit sted, so vidt eg hugsar. Og på den åttende låta har eg prøvd meg litt på tolvtonetemusikk. Det er riktignok berre eit motiv i heile låta som er basert på det, men det er der.
Etter Loot bega eg meg ut på nye lydvegar, og ja... Mitt fyrste konseptalbum. Ein ny æra vart starta for Stegosaurus her.Westadelic Tears skulle den neste plata ende opp med å heite. Eg skreiv òg ein historie til ho. Det dreier seg om Stegosaurus, som forlater livet sitt. Eg hugsar ikkje heilt histoien... Men ja, han gjev seg ut på ei reisa, som ender med at han går over til "den andre sida", etterlivet. So viser det seg at etterlivet ikkje berre er fryd og gammen det heller... Jau.
Nytt på dette albumet er jo at det er mykje meir melodiøst, men den største forskjellen frå det forrige er jo at eg har vokal på nokre låtar. Jepp, eg har sunge på denne plata. Dette har jo òg resultert i at noko av musikken har verte meir komponert for å ha vokal òg, og det krever ein del meir arbeid, tykjer eg. Dette er vel den fyrste plata eg verkeleg legjar inn massevis av arbeid. Det skulle ikkje lenger ta berre ein dag å lage ein låt osb.
Ja, kul plate.

Her er låtlista:
1. The Rythms of a Dying Dream
2. Post-Apocalyptic Hallucinations and a Wound Gushing Blue Liquids
3. The Great Beast of Sea and the Holy Saint og the Earth
4. The Agressive Dragonfly's Voyage Through the Land of the Phlobotomized (feat. Sædsküm)
5. Westadelic Tears
6. Hear the Mysterious Echoes Chiming in to the Mist of Night
7. The List of Unwritten Secrets
8. Where There Will be Weeping and Gnashing of Teeth
9. Reprise; Westadelic Tears
Ja, historien av pkata var på ein måte litt "dramatisk" oppstilt, slik at det skulle vera to akter. Låt fire skulle vera pausenummer. Her ser du òg min fyrste "featuring"-låt. Denne låta består eigentleg av to delar, som fire takter av Sædsküm bind saman.
(Sædsküm er eit artig og grimmt prosjekt til ein kompis av meg, som du kan høyre her:
TRYKK FOR FAEN!)Teksten på låt 3 er henta frå Wikipedia-sider om hai og aubergin.



No vert det masse skriv her, so no skal du få eit pausebilete før eg skriv resten (sagt at du framleis les):






Ja! Håpar du koste deg med det.


Etter Westadelic Tears byrja eg på ei plate som skulle få namnet "Spiritus Varietas". Det vaaart nesten ferdig, men ei av låtane manglar framleis tittel, og vokal.
Her eksperimenterer eg uansett med andre type vokaler, eg lagar "kaos" ved å legge stemmer oppå kvarandre osb. Pluss at eg har leike meir med meir "orkestral" måte å lage musikk på.
Artig plate, må gjera ho ferdig...

Etter dette har eg berre laga nokre låtar her og der. Eg har mellom anna tatt eit basstema frå ein Passacaglia av Bach og laga ein elleve miuntter lang greie.
So har eg byrja på ei ny plate som skal få namnet "Marshrooms". Artig tittel, ja. Alle låttitlene dreiar seg om sopp òg.

Og den siste låta eg har byrja på, "Varemottak 3", har framleis ikkje vokal, men den er kul. Oh yeah.


Sååånn, her er nokre fleire lenkar:

MySpace (igjen)
Urørt
Last.FM

KOS DÆ!

Farvel








fredag 19. mars 2010

Part-A

No ja, kva er vel ein blogg godt for om ein ikkje skal reklamere for seg sjølv?

Ikkje ein daud skit! Nettopp!


Eg skriv jo musikk! Woho. No for tida prøvar eg meg mest på klassisk, men kor det går får me nok ikkje sjå før om ein stund nei. I mellomtida kan eg jo snakke om dei andre prosjekta eg har...

Razorblade Sisters:

Dette er jo ikkje berre mitt band, men systra mi og meg. Eg står for å lage musikken, ho skriv tekstar.
Musikken me lagar er variert, men det dreiar seg for det meste rundt sånn der gitarbasert bråkemusikk og sånn skriking. Me er eit ganske humoristisk band, med låtar som "Store gleder" - som handlar om overvektige menneske - og "Jævla sadist" - ein hyllest til filmen "Gal dame på bussen", som er å finne på YouTube.
Me har òg samfunnskritiske låtar, mellom anna "Man gjør noe annet en gang i uka for å bekrefte at man fortsatt er i live", som ser på problematikken rundt det norske språk.
Når me snakkar om norsk, so er det jo nevneverdig at dei fleste låtane er på norsk. Dette er di me elskar norsk.

Den siste låta me laga, "Vonbroten", er noko annleis enn resten. Der finst det ikkje gitarer, men berre PC-lydar, og teksten er båe på tysk og nynorsk. Den har òg litt "industrielt" preg... Og det er vel derfor me har han på tysk. He, he, he.

Uansett, sjekk ut Razorblade Sisters
Merk at dei fleste låtane er spelt inn med utruleg ræva utstyr, men det er jo phettt lell!
Og so er det jo berre å ta kontakt om du er interessert i å høyre Brenn, so langt det einaste ferdige albumet. :):):)

Ja-a, då får de kosa dykk, so skal eg snakke om einmannsprosjektet Stegosaurus on Marshland Acidic Trips neste gong eg skal reklamere for meg sjølv.

Farvel!

lørdag 13. mars 2010

Min fyrste blogg.

Vel, søte Stine var so grei at ho lagde Google-konto til meg so eg kunne kommentere på bloggen hennar, og då kan eg vel likegreitt blogge òg?

Tja. Eg hadde jo ein blogg ein gong i tida, men den vart eg lei av. Kanskje dette kan verte ein ny start for meg innan blogg?
...Då vert jo spørsmålet "kva slags blogg skal dette vere?" Eg kjem ikkje til å ha ein veldig personleg retta blogg, det trur eg ikkje. Kven bryr seg vel om eg var i byen og leika med meg sjølv i dag? Greitt, alle bryr seg om det, men kun utvalgte får æren av å vite om den slags, jepp.

Lell om eg ikkje har tenkt til å fortelja kva eg gjer frå dag til dag kan det jo vere greitt å ha ein slags blogg som dreier seg rundt mine interesser, som i hovudsak er musikk... So, då kan vel denne bloggen dreie seg mest om musikk? Moglegens litt norsk og andra tankar attått, det vil tida vise...

Sia eg allereie har skrivi eindel no kan eg vel berre avrunde med nokre kooorte anbefalingar på musikkfronten? Ja, eg trur det.

Eg er no litt i det klassiske hjørnet i dag, 1900-talet, sooo:

Fyrst litt impresjonisme:
Claude Debussy. Eg har nettopp høyrd gjennom "Preludes, Livre I & II", noko som ligg ute på Spotify... (Eg har, som fryktet, forstått at Spotify er ganske kjekt)...
Ja, det er jo veeeldig fin pianomusikk, på alle måter. Det flyter, det gjer deg harmonisk til sinns, det er flott. Rett og slett. Høyr på det sjølv, og finn ut kva eg meiner, for eg gidder ikkje skrive meir om saka.
Eg elskar Debussy, uansett.

Over til noko litt meir moderne:
Philip Glass.
Plata Glassworks (vittig tittel, ja). Eg har høyrd liiitt for lite på denne musikken til endå til å kunne utfylle særleg, men det er veldig, veldig avslappande og interessant musikk.

Men ja, du er vel oppegåande nok til å klare å sjekke det ut? Ikkje det? Nei vel, din dust!

Kom gjerne med anbefalinger til meg òg. Musikk er fint.

So an eg jo ha sitater her.
I dag, Robert Fripp: "Music is the wine that fills the cup of silence". Jepp.

I'm out.

Adios.