tirsdag 4. januar 2011

Yak

Jaa. Demoen vart akseptert, eg er offisielt ein "ansatt" komponist.
Det er litt kult.

Snart byrjar skulen att. I år skal eg ha tre fag; tre musikkfag; DIGG. Eg gler meg til dette semesteret her, i den viten av at det nok vert litt mindre stressande enn det forrige.
Elles er eg godt nøgd med årets juleferie. Eg har vori heilt ekstremt lat. Eg har sett snart seks sesonger av House... Men, det er digg å vera lat innimellom. Å vera lat utan å ha dårleg samvit for det.

lørdag 18. desember 2010

Oppdateringar

Vel, for tida jobber eg med ein demo. Eg skal kanskje lage musikken til eit spel... No, ideen er at musikken skal dekke utviklinga i populærmusikken frå 1900 til i dag.
Å jobbe med ting som allereie er gjort, heller enn å koma med heilt "nye" ideer (intet er vel nokon gong heilt nytt), er litt nytt for meg (vart mykji nytt her, ja), so det er artig. Hittil har eg laga ein slags Ragtime, eit eller anna som kan minne om sånn.. Charleston.. Æh, og no driv eg på med blues - skikkeleg sørstats, sitte på verandaen og jamme-blues. Definitivt det artigaste so langt. Demoen gjev eg til han karen som driv med spelet, so får han velgje om han vil ha musikken min. Spanande sakar.

Jau. Elles er det ferie. So langt nøgd med oppgåve- og eksamensresultatar. Eg er nesten ein "straigh B" student so langt i studieløpet, og det er no ikkje so gæli, tykkjer eg. Sånn sett har eg råd til noko dårligare enn C, og framleis halde C i gjennomsnitt (snittet ein må ha for å koma inn på master). Flotte sakar.

Eg har ikkje so mykje meir å skriva. Eller, eg kan jo klage litt på at eg er sjuk... Eg er sjuk, stakkars meg.
Slik.

Full stopp.

søndag 5. desember 2010

Litt småskriving

Ja, eg har vori gæli opptatt med oppgåveskriving og eksamenslesing dei siste vekene, følgelig har eg vel nådd toppen av stressinga for i år, komen over kanten, og no er stressinga på veg nedover att. No har eg siste skriftlige eksamen i morgon, songeksamen på torsdag, so er det ferie. Namnam.

Vel, stress har jo vori ein faktor i heile haust, som kanskje har satt tilbake min kreativitet noko. Eg har jo eigentleg berre fått fram eit lite stykke for orkester (ca. seks minutter), eit stykke for piano og cello (ca. tre minutter), ooog ein låt til Stegosaurus. Har nokre påbyrja prosjekter òg: Andre sats i orkestergreia, ei greie for strykere og so har eg starta meg på ein menuett (eller noko) til strykerkvartett (trur eg). Fint med mange baller i lufta. Mm, jo, eg har so vidt byrja på eit nytt lite stykke for piano og cello - mine to favorittinstrumenter i heile vide verda, oh yeah. Dette har eg tenkt til å fortsette på i jòla.
Korleis det vert er eit godt spørsmål, men eg tenkjer å kanskje tenkje harmonisk her, i kontrast til det andre stykket som er tematisk. Eller... Temabasert. Bygget opp rundt temaer, tre temaer... Tre og eit halvt tema? Hugsar ikkje heilt. Temaer er bra. Ja. Me får no sjå...

- I'm out

lørdag 27. november 2010

Koffinistene og sånt

Eg kan jo bruke denne bloggen til å reklamere for viktige ting.
No er det dags for at partiet Koffinistene utvidast ytterligare, og for det treng me fleire medlemmer.

Lenkje til vår Facebook side her: TRYKK

Litt info:

Gruppen for alle medlemmer, hjelpearbeidene og frivillige tvangsarbeidene i det radikale politiske partiet Koffinistene.

---------


Partipunkt 1: Kaffen skal være gratis.
Partipunkt 2: EuroShopper pulverkaffe skal bannlyses, og skaperne skal sermenteres, for så å bli distribuert til samtlige papirtrykkefirmaer i det ganske land, for å trykke opp flygeblader vi kan sende rundt for å rekruttere flere medlemmer.
Partipunkt 3: Alle medlemmer må rette seg etter det faktum at de aldri skal måtte betale noe kontigent noensinne.
Partipunkt 4: EuroShopper-kaffe er fortsatt vondt.
Partipunkt 5: Individer som skulle finne på å nekte en enhet av koffeinrik væske, må belage seg på et koffeinfritt liv på Jevnaker, et lite tettsted nord for Oslo, som kalles på folkemål et "HØL".
Partipunkt 6: Den populære måten å brenne kaffebønner på, som resulterer i koffeinfri kaffe, skal ikke nevnes. I samme setning som "vanlig" koffeinrik kaffe. Unntaket må være hvis man sier "10 enheter D-Caf" som gir det samme koffeininnholdet som en vanlig kopp svart kaffe.
Partipunkt 7: Kaffe er ikke som vann; det dukker ikke bare opp magisk ut av en kran når som helst.

P.S: Gruppe 45.4, Kfns1 sk4 - 99prs. flb. bas. og ha kjr.vrd "opplysende" og "virkelighetsnært".


So sleng deg på bølgja med rykande, fersk kaffi og bli med oss.

- Kozkoz

_____________________________________________________________

Og ja, sidan sist har eg tryna, slått hòl i haka og blitt sydd att. Det heile var veldig dramatisk - såg sånn ut i alle fall. Blod, masse blod. På legevakta føltes det som eg låg på bordet til Dexter, klar for å bli kutta opp i biter.
Sånt skjer, sa folk.

lørdag 20. november 2010

Komposisjon og sånt

Det er dags for enno eit blogginnlegg, sidan det siste i juni..?

Vel.

Eg held litt på med komposisjon og sånn. Ikkje nødvendigvis bra komposisjon, men komposisjon. Æh, vel... Eg får sjeldent ferdigstilt noko som helst, og eg vert sjelden so nøgd at eg tenkjer at dette er noko folk bør høyre... Ein er vel alltid eins eigen verste kritiker, so kven er eg til å sei at ingen bør høyre det? Om eg ikkje lar nokon høyre det, veit eg no ikkje kva det er. Bra, dårleg. Kritikk er bra.

I den tanke, har eg oppretta ein MySpace-side der eg legg ut litt av det eg driv med. So no blogger eg om det.

Her kan de høyra

Det er ikkje mykje. Som sagt, eg får sjeldent ferdigstilt noko.

Yeah

onsdag 2. juni 2010

Leif!

No er det lenge sia eg har skrivi her...
Vel, kva skal eg skrive om no?
Jo, meg sjølv!

Inna! Min gode venninne Inna lagar spel, det skal heite Leif; "To the Horizon". Det dreier seg om fuglen Leif som skal skape vår. Det handlar om ein gløymd koloni på ein liten kald måne som sirkler rundt ein blå planet. Dei har gløymd at dei er ein koloni, og har skapt sin eigen kultur og skikker. Leif fann ut at det må vera noko meir i verda enn berre deiras lille landsby, og difor skal han prøva å koma ut.

Eg har fått æra av lage musikken til dette spelet. Inna ville gjerne ha eit marokkansk preg på det heile, altso arabisk. Dette står som ei kontrast til det kalde klimaet på planeten.
Ho har verta svært godt nøgd med musikken eg har laga, og no kan du få høyra han òg.

-->Trykk her for å høyre:) <--

Jaa. Det var det for dnne gong. Kos dykk med musikken!

søndag 11. april 2010

Ditt og datt!

Hm. Eg finn berre på å blogge når eg kjedar meg, sjølv om eg sjeldent har nokon idé om kva eg skal blogge om...
Sidan eg ikkje eigentleg forteljar nokon om denne bloggen, kan eg jo skriva akkurat det eg vil - til og med dårleg nynorsk - ingen veit kven eg er uansett?
Eg kan skriva dette:

Små busemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små buskemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små buksemenn,
små busemenn.

...Utan at nokon bryr seg?

Nei, no får eg slutte å tulle.

Razorblade Sisters! I går sendte eg rundt nokre låtar til forskjellige små plateselskapar. Eit ganske stort eit òg, faktisk, men det er berre fordi dei lovde å svara alle, som er litt artig. Eg er litt spent på det der. Eg er jo i god tru om at eit eller anna bittelite plateselskap i eit eller anna europeisk land lengre sør/øst - eller eit land i Asia - kjem til å gje oss platekontrakt uansett kva, berre fordi me er frå Noreg, so eg skal no i alle fall fortsetta å sende rundt litt. Det hadde jo vori artig å sei at me har platekontrakt, og ikkje minst å få gjeven ut CD-en vår. I alle CD-hyller ser du berre Razorblade Sisters - "Brenn", for å overdrive.
Eg har tenkt til å prøva meir med Stegosaurus-prosjektet òg, det er berre litt vanskeligare å vita kor eg skal sende musikken min då. Kva slags selskapar kan vera interessert i Stegosaurus? ...Sånn eigentleg burde eg hatt mitt eiga plateselskap. Acidic Records skulle det heitt, og det skulle ha vori kult. Helvete ja!

Tja.


Eg synest å hugse lova eit sitat kvar gong?
Æh...
"Små buksemenn"

Hadet.