lørdag 18. desember 2010

Oppdateringar

Vel, for tida jobber eg med ein demo. Eg skal kanskje lage musikken til eit spel... No, ideen er at musikken skal dekke utviklinga i populærmusikken frå 1900 til i dag.
Å jobbe med ting som allereie er gjort, heller enn å koma med heilt "nye" ideer (intet er vel nokon gong heilt nytt), er litt nytt for meg (vart mykji nytt her, ja), so det er artig. Hittil har eg laga ein slags Ragtime, eit eller anna som kan minne om sånn.. Charleston.. Æh, og no driv eg på med blues - skikkeleg sørstats, sitte på verandaen og jamme-blues. Definitivt det artigaste so langt. Demoen gjev eg til han karen som driv med spelet, so får han velgje om han vil ha musikken min. Spanande sakar.

Jau. Elles er det ferie. So langt nøgd med oppgåve- og eksamensresultatar. Eg er nesten ein "straigh B" student so langt i studieløpet, og det er no ikkje so gæli, tykkjer eg. Sånn sett har eg råd til noko dårligare enn C, og framleis halde C i gjennomsnitt (snittet ein må ha for å koma inn på master). Flotte sakar.

Eg har ikkje so mykje meir å skriva. Eller, eg kan jo klage litt på at eg er sjuk... Eg er sjuk, stakkars meg.
Slik.

Full stopp.

søndag 5. desember 2010

Litt småskriving

Ja, eg har vori gæli opptatt med oppgåveskriving og eksamenslesing dei siste vekene, følgelig har eg vel nådd toppen av stressinga for i år, komen over kanten, og no er stressinga på veg nedover att. No har eg siste skriftlige eksamen i morgon, songeksamen på torsdag, so er det ferie. Namnam.

Vel, stress har jo vori ein faktor i heile haust, som kanskje har satt tilbake min kreativitet noko. Eg har jo eigentleg berre fått fram eit lite stykke for orkester (ca. seks minutter), eit stykke for piano og cello (ca. tre minutter), ooog ein låt til Stegosaurus. Har nokre påbyrja prosjekter òg: Andre sats i orkestergreia, ei greie for strykere og so har eg starta meg på ein menuett (eller noko) til strykerkvartett (trur eg). Fint med mange baller i lufta. Mm, jo, eg har so vidt byrja på eit nytt lite stykke for piano og cello - mine to favorittinstrumenter i heile vide verda, oh yeah. Dette har eg tenkt til å fortsette på i jòla.
Korleis det vert er eit godt spørsmål, men eg tenkjer å kanskje tenkje harmonisk her, i kontrast til det andre stykket som er tematisk. Eller... Temabasert. Bygget opp rundt temaer, tre temaer... Tre og eit halvt tema? Hugsar ikkje heilt. Temaer er bra. Ja. Me får no sjå...

- I'm out