søndag 11. april 2010

Ditt og datt!

Hm. Eg finn berre på å blogge når eg kjedar meg, sjølv om eg sjeldent har nokon idé om kva eg skal blogge om...
Sidan eg ikkje eigentleg forteljar nokon om denne bloggen, kan eg jo skriva akkurat det eg vil - til og med dårleg nynorsk - ingen veit kven eg er uansett?
Eg kan skriva dette:

Små busemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små buskemenn,
små busemenn,
små busemenn,
små buksemenn,
små busemenn.

...Utan at nokon bryr seg?

Nei, no får eg slutte å tulle.

Razorblade Sisters! I går sendte eg rundt nokre låtar til forskjellige små plateselskapar. Eit ganske stort eit òg, faktisk, men det er berre fordi dei lovde å svara alle, som er litt artig. Eg er litt spent på det der. Eg er jo i god tru om at eit eller anna bittelite plateselskap i eit eller anna europeisk land lengre sør/øst - eller eit land i Asia - kjem til å gje oss platekontrakt uansett kva, berre fordi me er frå Noreg, so eg skal no i alle fall fortsetta å sende rundt litt. Det hadde jo vori artig å sei at me har platekontrakt, og ikkje minst å få gjeven ut CD-en vår. I alle CD-hyller ser du berre Razorblade Sisters - "Brenn", for å overdrive.
Eg har tenkt til å prøva meir med Stegosaurus-prosjektet òg, det er berre litt vanskeligare å vita kor eg skal sende musikken min då. Kva slags selskapar kan vera interessert i Stegosaurus? ...Sånn eigentleg burde eg hatt mitt eiga plateselskap. Acidic Records skulle det heitt, og det skulle ha vori kult. Helvete ja!

Tja.


Eg synest å hugse lova eit sitat kvar gong?
Æh...
"Små buksemenn"

Hadet.