onsdag 2. juni 2010

Leif!

No er det lenge sia eg har skrivi her...
Vel, kva skal eg skrive om no?
Jo, meg sjølv!

Inna! Min gode venninne Inna lagar spel, det skal heite Leif; "To the Horizon". Det dreier seg om fuglen Leif som skal skape vår. Det handlar om ein gløymd koloni på ein liten kald måne som sirkler rundt ein blå planet. Dei har gløymd at dei er ein koloni, og har skapt sin eigen kultur og skikker. Leif fann ut at det må vera noko meir i verda enn berre deiras lille landsby, og difor skal han prøva å koma ut.

Eg har fått æra av lage musikken til dette spelet. Inna ville gjerne ha eit marokkansk preg på det heile, altso arabisk. Dette står som ei kontrast til det kalde klimaet på planeten.
Ho har verta svært godt nøgd med musikken eg har laga, og no kan du få høyra han òg.

-->Trykk her for å høyre:) <--

Jaa. Det var det for dnne gong. Kos dykk med musikken!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar