lørdag 18. desember 2010

Oppdateringar

Vel, for tida jobber eg med ein demo. Eg skal kanskje lage musikken til eit spel... No, ideen er at musikken skal dekke utviklinga i populærmusikken frå 1900 til i dag.
Å jobbe med ting som allereie er gjort, heller enn å koma med heilt "nye" ideer (intet er vel nokon gong heilt nytt), er litt nytt for meg (vart mykji nytt her, ja), so det er artig. Hittil har eg laga ein slags Ragtime, eit eller anna som kan minne om sånn.. Charleston.. Æh, og no driv eg på med blues - skikkeleg sørstats, sitte på verandaen og jamme-blues. Definitivt det artigaste so langt. Demoen gjev eg til han karen som driv med spelet, so får han velgje om han vil ha musikken min. Spanande sakar.

Jau. Elles er det ferie. So langt nøgd med oppgåve- og eksamensresultatar. Eg er nesten ein "straigh B" student so langt i studieløpet, og det er no ikkje so gæli, tykkjer eg. Sånn sett har eg råd til noko dårligare enn C, og framleis halde C i gjennomsnitt (snittet ein må ha for å koma inn på master). Flotte sakar.

Eg har ikkje so mykje meir å skriva. Eller, eg kan jo klage litt på at eg er sjuk... Eg er sjuk, stakkars meg.
Slik.

Full stopp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar